Tabarca

Trygg Service - Torrevieja

 

Din hjelpende hand i og rundt Torrevieja!

 

Vi hjelper deg med enn trygg vistelse i vermen isteden får en kanskje glatt tilverelse i Skandinavia.

 

Se vad vi kan tilbyde Deg!

Tabarca

Tabarca er ei spansk småøy i Middelhavet nør byen Santa Pola i provinsen Alicante. Tabarca er den minste permanent busette øya i Spania og er kjend for det marine reservatet.

Sjølv om han er samfunnsmessig og økonomisk mykje nærare knytt til fiskebyen Santa Pola, høyrer den vesle øya til byen Alicante. I 2004 hadde øya 98 innbyggjarar.

 

Øya er 1750 meter lang, opp mot 300 meter brei og heilt flat. Like ved øya ligg holmane la Nao, la Galera og la Cantera. Ho ligg om lag 8 nautiske mil sør-søraust for Alicante og 5 nautiske mil aust-søraust for Santa Pola. Turisme er hovudnæringa på øya, særleg om sommaren. Det er fleire båtruter frå Tabarca til Alicante, Santa Pola og Torrevieja. Desse går oftare om sommaren.

 

Den vesle øya er ein populær destinasjon for dagsturar frå Alicante eller Santa Pola, med ein roleg fiskelandsby, eit gammalt fort, fleire sjømatrestaurantar, ei steinete strand, fleire grotter og tidvassbasseng som er fine å bade i.

http://nn.wikipedia.org/wiki/Tabarca